Kanskje fleire enn meg som vil skrive ein liten tekst om BV2012 opplevelsen.
Eg knoter ned litt her iallefall.
Var påmeldt 4:50 sjølv om eg tenkte eg burde vert i 5:30 pulje eller deromkring.
Dette var tross alt mitt første sykkelritt ever.. og i underkant av 3år trening.
Starta heimafrå kl.05:10 (på sykkel ja) men oppdaga etter 1km at drikkeflaskene stod igjen på kjøkkenet..
Hadde beregna nok tid til slikt så eg var framme på møteplassen 05:45.
Starten gjekk bra, og Tor Audun og Stig (STU) tok bra kommando fra start. Flesteparten var med til Trengereid, og eg syns tempoet var heilt fint til tross for skrekkhistorier om at det skulle gå ekstra fort inn der.
Opp til Gullbotn va ikkje urovekkande bortsett frå krampetendens i leggen, og me hadde tatt inn ca. 2min på skjemaet.
trur det datt av ein liten gjeng opp der.
Nedover va eg skeptisk til, men det viste seg at eg hadde minst lika mykje kontroll der som resten av gjengen.
Me kjørte rulle på alle flater, og flesteparten var med og jobba.
Ein to-tre stykk blei beorda bak i bussen, og det va dei sikkert glad for.
Fekk augekontakt med gruppo foran oss med fossen halvveis opp kvamskogen. Var på halen allerede i neste tunnell.
Til gruppe 18 sin forargelse durte me forbi på utsida på flaten før eikedalen.
Fortsatt nestenkramper i leggen oppover..
Gruppe 18 blei antagelig litt snurt, for dei peiste forbi oss igjen rett før nedkjøringen som egentlig var ein dårlig manøver.
Ned Tokahjelet blei eg først liggande bak to sinker som bremsa rett innanfor tunnellåpninga, så eg trossa forbikjøringsforbudet og la meg foran. Mykje tryggare foran slike.
Vel nede blei eg liggande midt i ein plass. Begge gruppene va no eit større felt.
Dette gjekk jo nokonlunde greit, men ein del vinglete kjøring i baktroppen. Og om det var grunnen veit eg ikkje, men rett etter bjølvefossen smalt det midt i feltet, og tre eller fire stk. gjekk ned for telling. Eg var desverre bak desse, og blei ståande eit halvt minutt for å sjekka at alle var ok. Et par andre begynte å hjelpa dei som låg nede, så eg fortsatte.. Åleina...

Hadde ei bra gruppe foran meg ca. 500meter framme, og ga alt for å nå dei igjen. Men det e jo litt vrient på egenhånd.
Såg at dei hadde større fart enn meg, men ga ikkje opp løpet. Følte at eg drog meg og to andre inn til Granvin i anstendig fart. passerte iallefall 10-15 som hadde gitt opp. Inne i kryssen med Granvin var me fem stykk, og det blei deling på å dra inn til Skjervet. Vel framme i bakken, forsvant tre foran og ein bak meg. så bakken blei forsert åleine.. Men såg at hovedfeltet ikkje var heilt oppe endo, så eg hadde ikkje tapt for masse tid.. Men med konstant kamp mot leggkrampen..
"Supermann" var komen til knebøy nr 79 når eg passerte..
På toppen holdt krampen på å knekka meg, men reduserte innsatsen bittelitt oppe på flaten.
Tok heldigvis igjen ein stakkar på flaten der, og han hang seg på. Etter et par Km hadde han fått igjen litt krefter og hjalp til nedover.
Plutselig suste me forbi ein tidtakerboks og oppdaga at det stod MÅL på flagget.. kikka på klokko.. 04:58... Yes!
Hadde ærlig talt ikkje trudd det skulle gå etter den velten. Tross alt 1time og 43min nesten åleina..
Hovedfeltet som delte broderlig på jobben kom inn på 4:43.
https://www.polarpersonaltrainer.com/sh ... 9e6a52ca2f