Kathrine Tvedt Lavik

Kathrine Tvedt Lavik, 34 år,sitter i styret i BTC og er fryktelig sprek.

Da var det på tide og presentere et av styrets medlemmer. Kathrine ble medlem i BTC i 2018 og har allerede tatt på seg et verv i klubben. La deg inspirere 😉 Hun elsker å sykle og løpe, men når hun driver med triathlon må hun nok svømme litt også 😉 Bli litt bedre kjent med Kathrine 🙂

1. Hvor lenge har du vært med i BTC?

På ein DNT-tur i 2018 fekk eg høyre mykje om triathlon og BTC av Edvin Vallestad som frå før var medlem i BTC. Etter turen fekk Bjørn Tore (mannen min) ein melding av Edvin som lurte på om han kanskje ville vere med på Axtri året etter. Min umiddelbare reaksjon var at “det vil eg også vere med på“. Det enda då  med påmelding til Axtri 2019 og innmelding i BTC hausten 2018 for oss begge.

2. Hva er favorittgrenen din i triathlon og hvor mye trener du iløpet av en uke ?

Det varierar litt gjennom året, men det er nok sykling og løp som er mest verdsatt. Svømming har høgast dørterskel.

 I vår vart det mellom 10-15 timar og i sommar (med ferie og oppladning til Axtri 2021) låg eg i overkant av 15 timar pr. veke. Etter dette har eg lagt på om lag 10 timar i snitt. På vinteren vil nok timeantalet gå noko ned.

3. Hvorfor ble du med i BTC , og hva er det kjekkeste med å være med i BTC?

Eg vart med for å kunne delta på treningsøktene med BTC. Håpet var at eg i forkant av Axtri ville bli ein skikkelig “racer” på crawl. Noko racer på crawl vart eg dessverre ikkje. På konkurransedagen gav eg alt eg hadde fram til første bøye. Fekk deretter panikk og veksla på å svømme crawl og bryst, utan å følgje noko rett linje. Det var ikkje mange som kom opp av vatnet etter meg det året. Svømmetreninga med Knut året etter gjorde at eg klarte meg langt betre i år.

 Det kjekkaste med å vere med i BTC er heilt klart folka. Det er utruleg mange bra folk i denne klubben. Eg har verkeleg opplevd å bli raskt inkludert og opplever dette som eit godt miljø å vere i. Det er kjekt å kunne ha nokon å trene med og nokon å kunne prate “nerdete” treningsting med.

4. Ditt beste triathlonminne ?

Oi, sjølv om eg berre har drevet med triathlon ein kort periode er det fleire gode minner. Av konkurransar syns eg Axtri er i særklasse, men eg har også fått utforska Lofoten og pest meg gjennom  løypa på Os. Om eg skal velje ein av dei er nok Axtri 2021 det beste minnet. Kroppen fungerte som den skulle og det var stadig kjentfolk i løypa som ein kunne slå av ein liten prat med.

 Av andre triathlonminner vil eg også trekke fram treningshelger i Aurland. Her har det vore mykje god trening og god stemning.

 

5. Hvorfor passer triathlon for alle?

Mange tenker nok at triathlon er ein ekstremsport for spesielt interesserte, men dette tenker eg er veldig langt frå sanninga (sjølv om det også er ein sport for desse). Ein av dei tinga eg synast er veldig fint med BTC er at du kan vere med uansett kor god eller dårleg du er, i ein konkurranse kjempar ein for å bli betre enn seg sjølv og ein heier (minst) like mykje på dei som kjem til slutt.

Om du er i tvil: det er berre å finne fram badehetta, børste støvet av sykkelen, snøre joggeskoa og komme på ei treningsøkt med BTC – her er alle velkommen!